Knallbra straumproduksjon på veggmontert solcelleanlegg i Sogndal

31. mars i år (2023) hadde me gleda av å montere solceller på ein låve i Sogndal. 9,35 kWp vart installert mot sør-vest (20 graders dreining frå sør) og 5,525 kWp mot sør-aust (70 graders dreining frå sør). Totalt 14,875 kWp. 

Me estimerte årsproduksjonen på anlegget til 8521 kWh i året. Sidan igangsetting seint på dagen 31 mars har det produsert 7866 kWh. Veggmonterte anlegg produserer betre på vinteren enn takmonterte anlegg, så me reknar med at faktisk produksjon etter eit år i drift vil slå estimatet med god margin (me oppdaterar artikkelen igjen 1. april 2024, følg med).

!!! OPPDATERING APRIL: Etter eit år har anlegget produsert 9860 kWh og slo produksjonsestimatet vårt med god margin. Med tanke på fjorårets dårlge sumar håpar me på over 10 000 kWh i andre driftsår. !!!

På vinteren står sola lågt, og sola vil då treffe meir "rett på" veggmonterte solceller. Det gjer veggmonterte solceller meir effektive på vinteren. Men ikkje berre det. Låg temperatur aukar effektiviteten på panela. Og når det er snø så legg den seg ikkje på panela, men aukar ljosrefleksjonen frå bakken. Vinter og veggmonterte anlegg er ein kjempekombo!
Veggmontering er særleg høveleg på større driftsbygningar i landbruket og næringslivet elles, men privatpersonar med tilstrekkeleg store vegg-, mur- eller gjerdearealar kan òg ha god nytte av veggmonterte solcelleanlegg. Vurderer du veggmonterte solceller? Ikkje nøl med å kontakta oss for eit tilbod og ein energiutrekning. 
Under kan du sjå produksjonsgraf for November. Under der igjen er det oppdatert med total produksjon etter 4. april 2024.
solenergi produksjon fasade solcelle

Totalproduksjon frå 31. mars 2023 til 4 april 2024.

solcelle fasade
Forrige
Forrige

Les om Rune i Jølster, som har solceller på både vegger og tak!

Neste
Neste

Svært god strømproduksjon på solcelleanlegg i Alvheim, Øygarden